Masse frå Kvasneset

Masse frå Kvasneset

Alle som har interesse og behov for tunnelmasse frå avløpsreinseanlegget på Kvasneset som er under planlegging, vert no bedne om å melde si interesse.

Ålesund og Sula kommune planlegg felles avløpsreinsanlegg i området Veibust/Kvasneset i Sula kommune. I samband med regulering av areal og detaljprosjekt skal ein avklare disponering av tunnelmassar. Difor går ein no ut med kunngjering til alle som har interesse og behov for tunnelmasse og ber dei om å melde seg interesse.

Med ein god plan for handtering av tunnelmassen vil massen vere ein ressurs både for prosjektet og den som tek over massen.

Sidan prosjektet fortsatt er i planleggingsfasen, vert både informasjon og vidare arbeid med tilbodet om tunnelmasse gjort med atterhald.

Massevolum er anslått til 150000 fm3, fast kubikk, bergarten av granittisk gneis og planlagt uttak vil kunne skje i perioden frå andre halvdel av 2023 til starten av 2027. Massen vil kunne brukast til fyllingar i sjø, vollar og skråningar, til vegbygging og tilslag i betong.

Spørsmål kan sendast til ingeniørgeolog Ingvild Lausund.

E-post: ingvild.lausund@multiconsult.no

Tlf: 958 49 975

Melding om interesse sendast post@sula.kommune.no  innan 1. august, og merkast med «Melding om interesse for tunnelmasse – felles avløpsreinseanlegg».

Heile utlysinga kan du lese her.

Til toppen