Arbeid på Stafsethneset startar i januar

Etter planen startar arbeid med boregropar og etterkvart boring for avløpsleidning gjennom Stafsethneset siste veka i januar. 

flyfoto med strek som viser kvar leidning skal gå - Klikk for stort bileteIllustrasjon som i hovudtrekk viser kvar leidninga skal vere og kvar det skal arbeidast.

Leidninga er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegg som skal reinse avløpsvatnet frå om lag 50.000 innbyggarar/66.000 pe i Ålesund og Sula.  

For å legge leidninga over Stafsethneset på mest mogleg skånsam måte skal denne gå gjennom “mini-tunnel” som blir bora i fjellet under husa. Slik tek vi vare på både naboar og natur, som den gamle alleen som går over neset. 

Arbeid frå to sider

grusveg med anleggsområde under bru - Klikk for stort bilete

Det blir etter planen starta med opprigg og klargjering av boregrop i området under Vegsundbrua og ute på Stafsethneset siste veka i januar.

Deretter følger arbeid med utgraving av lausmassar og mindre sprengingsarbeid. 

Vil du ha sms-varsel i forkant av sprengingane, kan du sende meldinga "varsel for Stafsethneset" eller “varsel for Vegsundet” til nummer 986 23 034

Planen er at arbeidet med klargjering av boregropene skal vere ferdig i løpet av februar.

Ytst på Stafsethneset skal det skal lagast midlertidig anleggsveg fram til ventilkum som skal byggast seinare i år. Etter arbeidet her er ferdig, så er det berre kumloka som skal stå synleg igjen. 

Terrenget både her og ved boregropa ved Vegsundbrua skal tilbakeførast til slik det var før arbeidet starta.

Boring

Boring er ei godt utprøvd metode og grunnundersøkingene på Stafsetneset har vist at grunnforholda er gunstige for denne løysinga. Boringa skjer et godt stykke ned i bakken, i trygg avstand frå husa over. 

Erfaringar frå andre prosjekt tilseier at folk ikkje vil merke verken plagsom  lyd eller vibrasjon frå boringa under husa og det blir ikkje avgrensingar for normal utnytting av tomtene i framtiden

Har du spørsmål?

Det vil blir oppdatert informasjon her på www.blafjordar.no og på Blå fjordar si Facebook-side, og sjå gjerne også på denne heimesida under praktisk informasjon til naboar til overføringsleidningar.

Er det noko du lurer på eller vil seie i frå om,  kan du også ta kontakt med byggeleiar Trygve Wigestrand Årsvold 
e-post: trygve.wigestrand.arsvold@alesund.kommune.no
telefon: 94 87 66 41

Det har vorte delt ut slike lappar i postkassa til dei næraste naboane i området der arbeidet skal pågå:

informasjonsside i brosjyre - Klikk for stort bilete
informasjonsside i brosjyre - Klikk for stort bilete