Kva skjer kva tid?Her er ei enkel oversikt over den framdrifta i "BLÅ - fjordar for framtida" ut frå det ein veit i dag. Tidsplanen kan verte endra. Delrapportar I dei første månadene av 2021 vert fleire delrapportar ferdige. Dette er steg på vegen til ferdig forprosjekt og reguleringsplan. Det er ei lang rekke rapportar som som tek føre seg alt frå straumforholda i fjorden og konsekvensar for naturmangfaldet i sjøen til skredfare og konsekvensar for barn og unge. 01.01.2021 Forprosjekt for anlegget "BLÅ - fjordar for framtida" ser også på eit forprosjekt for sjølve anlegget. Her tek ein omsyn til undersøkingar som er gjort i samband med reguleringsplanen i tillegg til at det vert laga ein eigen sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget. Planen er at forprosjektet skal vere klart i løpet av våren. 01.05.2021 Forprosjektet godkjent I juni 2021 vedtok både kommunestyret i Sula og Ålesund godkjenning av forprosjektet og vidare samarbeid om Kvasnes avløpsreinseanlegg. 15.06.2021 Konsekvensutgreiing Hausten 2021 var konsekvensutgreiinga som er grunnlaget for reguleringsplanen klar. I desember 2021 skal planutvalet i Sula avgjere om konsekvensutgreiinga skal leggast ut på høyring. Då kan alle kome med innspel til konsekvensutgreiinga. I konsekvensutgreiinga ser ein på konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteresser, barn og unge, teknisk infrastruktur og det vert gjort ein ROS-analyse for å vurdere faren for ulykker. Det vert også undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området. Konsekvensutgreiing skal også følge reguleringsplanen gjennom heile saksbehandlinga. 07.12.2021 Reguleringsplan Ein ser føre seg at reguleringsplanen kan vere ferdig i løpet av 2022. Når planen er ferdig, vert den lagt ut til høyring slik at alle innbyggarane i både Sula og Ålesund kan kome med sine innspel. Innspela vert vurdert og kan føre til endringar i planen før eventuelt justert plan og alle innspel vert lagt fram for politikarane når det skal gjerast endeleg vedtak. 01.01.2022 Sist endret 28.01.2021 13.26