Anlegget

Korleis skjer reinsinga i miljøanlegget?

Det normale for slike anlegg er 80 til 90 prosent reinsing. 

Sula og Ålesund har i dag anlegg for primærrensing av avløpsvatn. Der er kravet til rensing 20 prosent. 

Det nye miljøanlegget som vert undersøkt i «BLÅ – fjordar for framtida» er sekundærrenseanlegg. Der er kravet til rensing 70 prosent, men det er normalt at slike anlegg reinsar 80 til 90 prosent.

Med eit meir avansert og moderne anlegg vil ein også i større grad få fjerna legemiddelrestar, diverse organiske miljøgifter, mikroplast, bakteriar og virus enn det ein gjer i dag.

  

Reinsinga skjer slik:

  • Først møter avløpsvatnet ei rist som fjernar alt som er større enn 6 millimeter. Dette blir teke ut til ein container og sendt til godkjent avfallshandtering. 
  • Avsløpsvatnet går vidare til eit basseng med sand- og feittfang der sanden sekk til botns og feittet flyt til overflata. Sand og feitt vert så skilt ut frå vatnet. Sanden blir vaska for organisk stoff og feittet blir levert som organisk avfall.   
  • Etter at sand og feitt er skilt ut, går vatnet vidare til nye basseng der partiklane som er mindre enn 5 millimeter og som er tunge nok til synke til botns gjer det. Desse vert teke ut i ein eigen slamtank.
  • Vatnet som no er reinsa også for dei minste partiklane går så til ein biologisk reinsestasjon der ein fjernar bakteriar og anna forureinande stoff. I tanken er det mange små plastklossar med "gode" bakteriar som skal ete bakteriane i vatnet. For å halde plastklossane i bevegelse og gi «mat» til bakteriane som skal ete vekk bakteriane i vatnet, så vert det blåst inn luft i tanken. Vatnet frå denne reinsestasjonen går vidare til ein ny tank der bakteriane sekk til botns og vert teke over i ein container.
  • Etter desse reinseprosessane vert vatnet sendt ut i fjorden på 60 meters djup om lag 280 meter frå land.
  • Alt som er samla opp i containerar gjennom prosessen har våt konsistens, omtrent som tomatsuppe. Dette blir pressa saman så det får konsistens som fuktig jord før det blir levert vekk frå anlegget til sluttbehandling ved biogass eller kompostering. 

     

Meir informasjon får du om du ser presentasjonen Asplan Viak hadde for Sula kommunestyre i oktober 2020.

Sjå forklaringa og presentasjonen her.

Flytskjema for reinseanlegget finn du her. (PDF, 467 kB)

Lovkrava til avløpsvatn frå større tettbebyggelse finn du her.

Forskjell på primærreinsing og sekundærreinsing
Primærreinsing Sekundærreinsing
BOF5 -mengden i avløpsvannet reduseres med minst 20% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 40 mg O2 /l ved utslipp og BOF5 -mengden i avløpsvannet reduseres med minst 70% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 25 mg O2 /l ved utslipp
SS-mengden i avløpsvannet reduseres med minst 50% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 60 mg/l ved utslipp KOFCR -mengden i avløpsvannet reduseres med minst 75% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 125 mg O2 /l ved utslipp.

  

Til toppen